Norsk
Ei t-skjorte er ei enkel skjorte med beine liner og korte
ermer som gjev henne form som ein T. Opphavleg var ho bare brukt som ei underskjorte,
men i dag er det òg vanleg å bruka bare t-skjorte som overplagg
i avslappa samanhengar. Dei første t-skjortene var enkle kvite bomullsplagg,
men dei blei etter kvart laga i ulike fargar og med mønster eller påtrykt
tekst. T-skjorter blir brukte av begge kjønn og av folk av alle aldrar,
sjølv om dei nok er mest populære blant ungdom.
Historie
Undertrøyer med t-form var lenge i bruk i Europa som undertøy
for menn. Under den første verdskrigen fekk svettande ullkledde soldatar
frå USA augene opp for dei lette bomullsplagga som europeiske soldatar
brukte under uniformen. Dei amerikanske soldatane tok til å bruka desse,
og i den andre verdskrigen fekk dei utdelt t-skjorter som standard undertøy.
Etter krigen tok ein til å gå med t-skjorta utan skjorte over.
Filmstjernene John Wayne, Marlon Brando og James Dean hadde alle dette antrekket
då dei var på fjernsyn. Publikum blei først sjokkerte, men
godtok etter kvart bruken. Då James Dean brukte ei slik skjorte i filmen Rebel
Without A Cause i 1955, blei t-skjorta eit moteplagg.
På 1960-tallt fekk ein nye variantar av sjølve plagget, som til
då bare hadde hatt korte ermer og rund krage. Nå blei det òg
laga t-skjorter utane ermer og med V-kragar og mykje anna. Folk tok òg
til med å dekorera og farga t-skjortene sine. Etter kvart blei det heilt
vanleg å bruka t-skjorter til å uttrykka noko ein stod for eller
spreia reklame
|